Uttale 4

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Framtida sine posttenester.

Uttale frå LO Vestland sin regionkonferanse 13.–14. februar 2025

Det regjeringsoppnemnte Postutvalet tilrår at vi ikkje lenger skal få post levert heim i postkassa. Hovudregelen skal vere at postmottakaren sjølv må hente posten på eit såkalla «hentepunkt». LO Vestland meiner at forslaget vil råke kvar einskild av oss på ein uheldig måte. Særleg vil sårbare grupper kunne misse viktig informasjon. Blir forslaget gjennomført vil dette bety slutten på den grøne postkassa. Berre dei som bestiller «teneste heim» vil få postlevering. Konsekvensane av forslaget er også at Posten kan miste 3000 arbeidsplassar.

LO Vestland er einig i at Posten om at ein må omstille verksemda og endre tenestetilbodet grunna fallande postvolum og endra kundebehov. Vi støttar ei omlegging frå postlevering annakvar dag til ein dag i veka. Dette vil spare fellesskapet for store kostnadar, samtidig som alle blir sikra heimlevering av post. Dersom nokon har behov for meir tilgang til posttenester, kan hentepunkt bli valt som supplement til heimlevering. Postutvalet si tilråding vil avvikle den einaste landsdekkande fysiske distribusjonsnettet vi har i Norge. Dette er et grunnleggande og irreversibelt val som vil svekke nasjonens beredskapsemne.

Posten som arbeidsgivar har ikkje delteke utvalet, men deler syn med Fagforbundet i saka. Vi meiner fleirtalet sin konklusjon har store negative konsekvensar for mange av samfunnet sine mest sårbare grupper. Kva med eldre, funksjonshemma og personar med manglande digital kompetanse? Konsekvensane er også at vi pålegg kundane til posten store ekstra kostnader med reise.

Posten og KS (kommunane sin interesseorganisasjon) samarbeider om å utvikle ei ny teneste – Dørterskeltenesta – som skal gje større tryggleik for definerte målgrupper som eldre, funksjonshemma og personar med lav digital kompetanse. Målsettinga er både å aktivisere målgruppene og sikre at desse sårbare gruppene har reell tilgang til likeverdige tenester og viktig informasjon. Påstanden om at dørterskeltenesta kanskje kan bli innført på eit seinare tidspunkt er ikkje realistisk. Når postnettverket er lagt ned, vil det ikkje vere praktisk eller økonomisk mogeleg å bygge dette opp igjen.