Uttale

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Det nye Vestland fylke har skapt moglegheiter, men også utfordringar

Uttale frå LO Vestland sin regionkonferanse 15.–16. oktober 2024

Det er viktig at me sikrar ei balansert utvikling i heile fylket. Bygdene er ein vesentleg del av fylket sin økonomiske og sosiale struktur. Ein av dei største utfordringane i distrikta  er fråflytting, ofte som følgje av mangel på arbeidsplassar. Det er derfor naudsynt at me styrkar lokalt næringsliv og skapar gode rammevilkår for nyetableringar. Noreg må føre ein industri- og næringspolitikk som tek heile landet i bruk. Dette legg grunnlaget for velferdsstaten og medverkar til mindre skilnadar mellom folk. Det grøne skiftet må brukast til å skapa nye arbeidsplassar i distrikta, mellom anna innan berekraftig reiseliv, fornybar energi, lokal matproduksjon og digitalisering.  

Industri- og næringsutvikling er viktig for heile Vestland og me må sikra rammevilkåra for industrien vår. Tilgang på rein fornybar energi til rett pris er avgjerande for industrien som gjennom viktige distriktsarbeidsplassar medverkar til store eksportinntekter. CO2-kompensasjonsordninga må vere ein føreseieleg grunnmur som gjer at straumprissmitte gjennom utanlandskablane ikkje øydelegg like vilkår i konkurransen med andre produsentar som ikkje har same krav til utslepp.

Folk og næringsliv er avhengig av at infrastrukturen i heile fylket vert oppretthaldt og forbetra. Offentleg og privat sektor er avhengig kvarandre for å fungera. Velferdsstaten sikrar lik rett til utdanning, helse- og velferdstenester og legg på denne måten til rette for at privat sektor skal kunne utvikla seg. Vegar og jarnbane må ligge under direkte politisk styring og kontroll. Straumnett, flyplassar og breiband vert best organisert gjennom fellesskapsløysingar. Alt dette er infrastruktur som er avgjerande for næringsutvikling i heile landet.

 

Det er viktig at me beheld desentraliserte offentlege tenester i heile fylket. Skular og kommunale tenester må vera tilgjengelege for alle, uavhengig av kvar ein bur. Ein stor del av ungdommane reiser til byane og større senter for å ta utdanning på fagskular, høgskular og universitet, mange av desse vert verande utan å venda attende til heimkommunen. Dette til tross for at somme kommunar opplever at det lokale nærings- og arbeidslivet kan ha stort behov for arbeidskraft. Kommunar og næringsliv må jobba saman for å gjera distrikta attraktive for ungdom og andre som kan tenkja seg å leva gode liv utanfor byane.

 

Ein sterk region på Vestlandet er avhengig av at heile fylket blomstrar. Dersom me berre fokuserer på utvikling i dei sentrale områda vil distrikta mista både befolkning og ressursar. Dette vil redusera verdiskaping og utvikling. Regionkonferansen til LO Vestland krev at det må etablerast ein strategi som sikrar utvikling av heile fylket.